Hjem

Tafjord Camping

 

Bobilparkering · Leirplass · Hytte

 

Tafjord Camping har campingvogn/bobil plassar for både sesong- og døgnleige. Vi har tre hytter vi leiger ut, og plass for besøkande med telt/lavo. Besøkande har to sanitæranlegg å nytte, klesvaskmaskin, bålplass og eit mindre kjøkken.

Plassen har alle fasilitetar for bobiler, tømming av spillvatn og kjemisk toalett og dessutan påfylling av vatn (alt inkludert i prisen). 16 A straumuttak.

Familiedrevet camping

 

Vi er andre generasjon i familien Tafjord som driv campingen. Vår camping tilbyr både faste plassar, teltplassar på døgnbasis, hytter og oppstilling for bobiler.