Opplevelser og turer

Severdigheter og opplevelser i og rundt Tafjord

Tafjordfjella

 

I det største fotturområdet på Sunnmøre finn du variert natur med bratte vestlandfjell i vest og slakare fjell i aust og reint viddepreg i søraust. Det er mange fine toppar med Puttegga på 1999 moh. som den høgaste. Han er òg Møre og Romsdals høgaste topp.

Kraftverkmuseet i Tafjord

 

"Tafjord 1" vart utfaset i 1989 . Tafjord Kraft opna den velholdte kraftstasjonen som Kraftverksmuseum sommaren 1991

Tafjord Friluftsbad 2018

 

Tafjord friluftsbad har eit utandørs basseng som er oppvarma til 27 - 31 grader. Her er også plaskebasseng, vassklier og leikeapparat. Der er garderobar med dusj og kiosk. Anlegget ligg idyllisk ved fjorden.

Trollstigen

 

På Trollstigen kjem du tett på det ville og vakre landskapet. Gangvegane og trappene fram til utsiktspunkta innbyr til vandring.

Valldal Aktivitetspark

 

Den beste familieparken for klatring og aktivitet finn du i Valldal!

Vi har over 1400 meter med klatreløyper montert oppe i tre og stolpar. Løypene er tilpassa ulike aldrar og ferdigheiter, og du finn heilt sikkert ei løype som passar for deg. I juli månad kjem Trolla frå Trollstad® på besøk med moro og underhaldning for heile familien.

Fundergata

 

Denne gatestumpen har ei lang og spennande historie. Frå først av var dette den gamle bygdevegen og her vart husdyra jaga morgon og kveld, på veg til beite.

 

Kyrne gjekk her heilt til sommaren 2004. Etter kvart vart det bygd små hus her, og no er dette særprega gatemiljøet, med kyrkjebuder, stover og ein skule, det einaste i sitt slag som er att på desse kantar.